1 Guten Samuel gjorde no teneste for Herren under tilsyn av Eli. I dei dagane kom det sjeldan ord frå Herren, og av syn var det få.
2 Så var det ein gong Eli låg og sov på den faste plassen sin. Auga hans var så svake at han ikkje kunne sjå.
3 Guds lampe hadde endå ikkje slokna, og Samuel låg i Herrens tempel, der Guds paktkiste stod.
4 Då ropa Herren på Samuel. Han svara: «Her er eg»,
5 og sprang inn til Eli og sa: «Her er eg; du ropa på meg.» Men Eli sa: «Eg ropa ikkje. Gå og legg deg att!» Så gjekk han og la seg.
6 Då ropa Herren ein gong til: «Samuel!» Og Samuel stod opp og gjekk inn til Eli. «Her er eg», sa han; «du ropa på meg.» Men Eli svara: «Nei, eg ropa ikkje, son min. Gå og legg deg!»
7 Samuel kjende enno ikkje Herren, for Herrens ord var ikkje openberra for han.