10 Då kom Herren, stilte seg framfor han og ropa som før: «Samuel, Samuel!» Og Samuel svara: «Tala, tenaren din høyrer!»
11 Herren sa til Samuel: «No vil eg gjera noko i Israel som får det til å ringja for øyra på alle som høyrer om det.
12 Den dagen skal Eli bli råka av alt det eg har varsla om hans hus, frå først til sist.
13 Eg har kunngjort for han at eg vil dømma hans hus for alle tider. For han kjende til synda – at sønene hans forbanna Gud. Likevel tala han dei ikkje til rette.
14 Difor har eg svore mot Elis hus: Aldri skal deira skuld kunna sonast, korkje med slaktoffer eller offergåver.»
15 Samuel vart liggjande til det var morgon. Då opna han dørene til Herrens hus; men han våga ikkje å fortelja Eli om synet.
16 Då ropa Eli på han og sa: «Samuel, son min!» «Her er eg», svara han.