14 Difor har eg svore mot Elis hus: Aldri skal deira skuld kunna sonast, korkje med slaktoffer eller offergåver.»
15 Samuel vart liggjande til det var morgon. Då opna han dørene til Herrens hus; men han våga ikkje å fortelja Eli om synet.
16 Då ropa Eli på han og sa: «Samuel, son min!» «Her er eg», svara han.
17 Eli spurde: «Kva var det han sa til deg? Løyn det ikkje for meg! Måtte Gud la det gå deg ille både no og sidan om du løyner for meg noko av det han sa til deg.»
18 Så fortalde Samuel alt saman og løynde ingen ting for han. Då sa Eli: «Han er Herren. Han må gjera som han tykkjer best.»
19 Så voks Samuel opp. Herren var med han og lét ikkje nokon av orda hans falla maktlause til jorda.
20 Då skjøna heile Israel frå Dan til Beer-Sjeba at Samuel hadde vorte tiltrudd å vera profet for Herren.