8 Så ropa Herren ein tredje gong på Samuel. Han stod opp og gjekk inn til Eli. «Her er eg», sa han; «du ropa på meg.» Då skjøna Eli at det var Herren som ropa på guten,
9 og han sa til Samuel: «Gå og legg deg! Og ropar han på deg att, skal du svara: Tala, Herre, tenaren din høyrer!» Så gjekk Samuel og la seg på plassen sin.
10 Då kom Herren, stilte seg framfor han og ropa som før: «Samuel, Samuel!» Og Samuel svara: «Tala, tenaren din høyrer!»
11 Herren sa til Samuel: «No vil eg gjera noko i Israel som får det til å ringja for øyra på alle som høyrer om det.
12 Den dagen skal Eli bli råka av alt det eg har varsla om hans hus, frå først til sist.
13 Eg har kunngjort for han at eg vil dømma hans hus for alle tider. For han kjende til synda – at sønene hans forbanna Gud. Likevel tala han dei ikkje til rette.
14 Difor har eg svore mot Elis hus: Aldri skal deira skuld kunna sonast, korkje med slaktoffer eller offergåver.»