1 To dagar etter kom David og mennene hans til Siklag. Då hadde amalekittane gått til åtak på Negev og Siklag. Siklag hadde dei plyndra og brent.
2 Kvinnene og alle som var der, både små og store, hadde dei teke til fange. Dei hadde ikkje drepe nokon, men drive dei framfor seg då dei fór sin veg.
3 Då David og mennene hans kom heim, var byen brend, og konene og sønene og døtrene deira var bortførte.
4 Dei brast i gråt, både David og folket som følgde han, og dei gret til dei ikkje orka meir.
5 Dei to konene til David, Ahinoam frå Jisreel og Abigajil, som hadde vore gift med Nabal frå Karmel, var òg bortførte.
6 Sjølv var David i stor fare, for krigsfolket truga med å steina han, så bitre var dei alle fordi sønene og døtrene deira var bortførte.Men David søkte styrke hos Herren sin Gud.
7 Han sa til presten Abjatar, son til Ahimelek: «Kom hit med efoden!» Så kom Abjatar med efoden,