13 David spurde han: «Kven høyrer du til, og kvar er du ifrå?» «Eg er egyptar», svara han, «og i teneste hos ein amalekitt. Herren min gjekk frå meg her for tre dagar sidan fordi eg vart sjuk.
14 Vi hadde herja i Judas del av Negev, både mellom kretarane, judearane og kalebittane, og vi hadde sett Siklag i brann.»
15 Då sa David til han: «Kan du føra meg ned til denne røvarflokken?» Han svara: «Sver du ved Gud at du ikkje vil drepa meg eller gje meg i hendene på herren min, så skal eg føra deg ned til røvarflokken.»
16 Så følgde han David dit. Og sjå, der låg røvarane spreidde ut over heile marka. Dei åt og drakk og heldt fest på heile det store byttet dei hadde teke i filistarlandet og i Juda.
17 Frå grålysinga av og til det vart kveld dagen etter, hogg David dei ned. Ingen av dei slapp unna, så nær som fire hundre unge menn som kasta seg på kamelane og flykta.
18 David berga alt det som amalekittane hadde teke. Dei to konene sine berga han òg.
19 Ingen var sakna, korkje liten eller stor, søner eller døtrer, og heller ikkje noko av byttet eller av alt det røvarane elles hadde teke med seg. Alt saman tok David tilbake.