25 Og slik har det vore frå den dagen. Han gjorde dette til lov og rett i Israel, som det er den dag i dag.
26 Då David kom til Siklag, sende han noko av byttet til dei eldste i Juda, til venene sine, med desse orda: «Her er ei gåve til dykk av byttet som eg har teke frå Herrens fiendar.»
27 Han sende gåver til dei i Betel, i Ramot-Negev, i Jattir,
28 i Aroer, i Sifmot, i Esjtemoa,
29 i Rakal, i jerahmeelittbyane, i kenittbyane,
30 i Horma, i Bor-Asjan, i Atak,
31 i Hebron og alle dei andre stadene der David og mennene hans hadde flakka omkring.