5 Dei to konene til David, Ahinoam frå Jisreel og Abigajil, som hadde vore gift med Nabal frå Karmel, var òg bortførte.
6 Sjølv var David i stor fare, for krigsfolket truga med å steina han, så bitre var dei alle fordi sønene og døtrene deira var bortførte.Men David søkte styrke hos Herren sin Gud.
7 Han sa til presten Abjatar, son til Ahimelek: «Kom hit med efoden!» Så kom Abjatar med efoden,
8 og David spurde Herren til råds: «Skal eg setja etter denne røvarflokken? Kan eg nå dei att?» Herren svara: «Set etter dei! Du skal nå dei att og berga det dei har teke.»
9 Då tok David i veg saman med dei seks hundre mennene som følgde han. Dei kom til elveleiet i Besor. Der vart nokre av dei verande.
10 David sette etter fienden med fire hundre mann. To hundre var att, dei var for slitne til å gå over elveleiet.
11 Ute på marka fann dei ein egyptar. Dei tok han med seg til David og gav han brød å eta og vatn å drikka.