1 Filistrane førte krig mot Israel. Då flykta israelittane for dei, og det låg mange falne på Gilboa-fjellet.
2 Filistrane var like i hælane på Saul og sønene hans, og dei felte Jonatan, Abinadab og Malkisjua, sønene til Saul.
3 Saul var hardt pressa i kampen. Bogeskyttarane kom over han, og han skalv av redsle for dei.
4 Då sa Saul til våpenberaren sin: «Dra sverdet og støyt det gjennom meg, så ikkje desse uomskorne skal koma og stikka meg ned og fara ille med meg.» Men våpenberaren ville ikkje; han var for redd. Då tok Saul sjølv sverdet og styrta seg mot det.
5 Då våpenberaren såg at Saul var død, styrta han seg mot sverdet sitt og følgde Saul i døden.
6 Den dagen fall Saul og dei tre sønene hans, våpenberaren og alle Sauls menn.