6 Den dagen fall Saul og dei tre sønene hans, våpenberaren og alle Sauls menn.
7 Då dei israelittane som budde på den andre sida av dalen og av Jordan, såg at Israels soldatar hadde flykta, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og flykta. Og filistrane kom og slo seg ned der.
8 Dagen etter kom filistrane og ville plyndra dei døde. Då fann dei Saul og dei tre sønene hans som låg falne på Gilboa-fjellet.
9 Dei hogg hovudet av Saul og tok våpna hans. Så sende dei bod rundt om i filistarlandet for å ropa ut sigersbodskapen for folket og ved templa der gudebileta stod.
10 Våpna hans la dei ned i Astarte-tempelet, og kroppen hengde dei opp på muren i Bet-Sjean.
11 Då innbyggjarane i Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistrane hadde gjort med Saul,
12 braut alle våpenføre menn opp og gjekk heile natta. Dei tok kroppane til Saul og sønene hans ned frå muren i Bet-Sjean. Då dei kom til Jabesj, brende dei kroppane der.