8 Dagen etter kom filistrane og ville plyndra dei døde. Då fann dei Saul og dei tre sønene hans som låg falne på Gilboa-fjellet.
9 Dei hogg hovudet av Saul og tok våpna hans. Så sende dei bod rundt om i filistarlandet for å ropa ut sigersbodskapen for folket og ved templa der gudebileta stod.
10 Våpna hans la dei ned i Astarte-tempelet, og kroppen hengde dei opp på muren i Bet-Sjean.
11 Då innbyggjarane i Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistrane hadde gjort med Saul,
12 braut alle våpenføre menn opp og gjekk heile natta. Dei tok kroppane til Saul og sønene hans ned frå muren i Bet-Sjean. Då dei kom til Jabesj, brende dei kroppane der.
13 Dei tok knoklane deira og gravla dei under tamarisken i Jabesj. Så fasta dei i sju dagar.