1 Og det Samuel sa, gjekk ut til heile Israel.Israelittane drog no ut for å kjempa mot filistrane. Dei slo leir ved Eben-Eser, medan filistrane slo leir ved Afek.
2 Filistrane samla hæren sin mot israelittane, og kampen breidde seg. Israel vart slegne av filistrane, som slo ned om lag fire tusen mann på slagmarka.
3 Då folket kom tilbake til leiren, sa dei eldste i Israel: «Kvifor lét Herren oss lida nederlag mot filistrane i dag? Lat oss henta Herrens paktkiste i Sjilo, så han kan koma hit og vera blant oss og berga oss frå fiendane våre.»
4 Så sende folket bod til Sjilo, og dei henta paktkista som høyrer til Herren over hærskarane, han som tronar over kjerubane. Og dei to Eli-sønene, Hofni og Pinhas, følgde Guds paktkiste.
5 Då Herrens paktkiste kom til leiren, sette heile Israel i eit jubelrop så sterkt at jorda skalv.