18 Med det same han nemnde Guds paktkiste, fall Eli baklengs ned av stolen attmed porten, braut nakken og døydde, for han var ein gammal og tung mann. Han hadde då vore dommar i Israel i førti år.
19 Svigerdotter hans, kona til Pinhas, venta barn og skulle snart føda. Då ho høyrde at Guds paktkiste var teken, og at svigerfar og mannen hennar var døde, kom riene over henne, og ho seig i kne og fødde.
20 Ho låg for døden, og kvinnene som stod rundt henne, sa: «Ver ikkje redd, du har fått ein son!» Men ho svara ikkje og ansa ikkje kva dei sa.
21 Ho kalla guten Ikabod og sa: «Herlegdomen er borte frå Israel!» For Guds paktkiste var teken, og svigerfar og mannen hennar var døde.
22 «Herlegdomen er borte frå Israel!» sa ho, «for Guds paktkiste er teken.»