3 Då folket kom tilbake til leiren, sa dei eldste i Israel: «Kvifor lét Herren oss lida nederlag mot filistrane i dag? Lat oss henta Herrens paktkiste i Sjilo, så han kan koma hit og vera blant oss og berga oss frå fiendane våre.»
4 Så sende folket bod til Sjilo, og dei henta paktkista som høyrer til Herren over hærskarane, han som tronar over kjerubane. Og dei to Eli-sønene, Hofni og Pinhas, følgde Guds paktkiste.
5 Då Herrens paktkiste kom til leiren, sette heile Israel i eit jubelrop så sterkt at jorda skalv.
6 Filistrane høyrde lyden av ropet og sa: «Kvifor er det slike høge jubelrop i hebrearleiren?» Dei fekk vita at Herrens paktkiste var komen dit.
7 Då vart dei redde, for dei tenkte: «Det har kome ein gud til leiren.» Og dei sa: «Ve oss! Slikt har aldri hendt før.
8 Ve oss! Kven skal berga oss frå desse mektige gudane? Dette er då dei gudane som slo egyptarane med alle slags plager i ørkenen.
9 Men ta mot til dykk, filistrar, og ver menn, så de ikkje endar som slavar for hebrearane slik dei har vore slavar for dykk! Manna dykk opp og gå til kamp!»