4 Tidleg morgonen etter låg Dagon igjen med andletet mot jorda framfor Herrens paktkiste. Hovudet og begge hendene hans var slegne av mot dørstokken. Berre kroppen var att av Dagon.
5 Difor er det slik den dag i dag at korkje Dagons prestar eller nokon annan som går inn i Dagons tempel i Asjdod, set foten på dørstokken.
6 Herrens hand låg no tungt på folket i Asjdod, og han lét øydelegging koma over dei. Han slo dei med byllar, både i Asjdod og i områda ikring.
7 Då mennene i Asjdod såg at det gjekk slik, sa dei: «Paktkista til Israels Gud må ikkje bli verande hos oss. For handa hans ligg tungt på oss og på vår gud Dagon.»
8 Så sende dei bod og samla alle hovdingane over filistarbyane hos seg og spurde dei: «Kva skal vi gjera med paktkista til Israels Gud?» Dei svara: «Flytt henne til Gat.» Så flytte dei paktkista til Gat.
9 Men då dei hadde flytt henne dit, ramma Herrens hand byen og skapte stor redsle og forvirring. Han heimsøkte folket i byen, og det braut ut byllar både på små og store.
10 Så sende dei Guds paktkiste til Ekron. Men då ho kom dit, skreik innbyggjarane i byen: «Dei har flytt paktkista til Israels Gud hit for å drepa oss og alle våre.»