16 Hovdingane over dei fem filistarbyane såg på dette og vende same dagen attende til Ekron.
17 Dette er dei gullbyllane som filistrane gav Herren til vederlag: ein for Asjdod, ein for Gaza, ein for Asjkalon, ein for Gat og ein for Ekron.
18 Gullmusene svara til talet på alle dei byane som låg under dei fem filistarhovdingane, både festningsbyane og landsbyane. Eit vitne om dette er den store steinen på jordet til Josva frå Bet-Sjemesj, steinen som dei sette Herrens paktkiste på. Steinen ligg der den dag i dag.
19 Men Herren slo ned nokre av mennene i Bet-Sjemesj fordi dei hadde sett på Herrens paktkiste. Sytti mann slo han ned. Folket sørgde over det harde slaget Herren hadde gjeve dei.
20 Då sa mennene i Bet-Sjemesj: «Kven kan stå for andletet til Herren, den heilage Gud? Og kven skal han gå til når vi sender han frå oss?»
21 Så sende dei bod til folket i Kirjat-Jearim og sa: «Filistrane har sendt Herrens paktkiste tilbake. Kom og hent henne opp til dykk!»