2 kalla filistrane saman prestane og spåmennene og spurde: «Kva skal vi gjera med Herrens paktkiste? Lat oss få vita korleis vi skal senda henne tilbake dit ho høyrer heime!»
3 Dei svara: «Sender de paktkista til Israels Gud frå dykk, så send ikkje snaue kista; de må gje noko til vederlag. Då skal de bli friske att, og de skal få vita kvifor handa hans ikkje vik frå dykk.»
4 Filistrane spurde: «Kva vederlag skal vi gje?» Dei andre svara: «Fem byllar av gull og fem mus av gull, etter talet på byhovdingane til filistrane. For det er ei og same plaga som har råka dykk alle, også byhovdingane.
5 De skal laga etterlikningar av byllane dykkar og av musene som herjar landet, og gje Israels Gud ære. Kanskje tek han då si tunge hand bort frå dykk, gudane dykkar og landet dykkar.
6 Kvifor gjer de hjartet dykkar hardt slik som egyptarane og farao gjorde? Måtte dei ikkje la Israel sleppa fri og dra av stad etter at Herren hadde late dei kjenna si makt?
7 Lag no ei ny vogn og hent to kyr som har kalva, og som enno ikkje har fått åk på seg. Spenn kyrne for vogna, men ta kalvane frå dei og la dei vera att heime.
8 Så skal de ta Herrens paktkiste og setja henne på vogna. Dei gullsakene som de gjev Herren til vederlag, skal de leggja i eit skrin ved sida av paktkista. Send henne så av garde!