7 Lag no ei ny vogn og hent to kyr som har kalva, og som enno ikkje har fått åk på seg. Spenn kyrne for vogna, men ta kalvane frå dei og la dei vera att heime.
8 Så skal de ta Herrens paktkiste og setja henne på vogna. Dei gullsakene som de gjev Herren til vederlag, skal de leggja i eit skrin ved sida av paktkista. Send henne så av garde!
9 Sjå etter om ho tek vegen opp til grensa mot Bet-Sjemesj. Då er det Herren som har sendt denne store ulukka over oss. Men tek ho ikkje den vegen, veit vi at det ikkje er hans hand som har ramma oss. Då er det berre eit tilfelle at dette hende oss.»
10 Mennene så gjorde. Dei henta to kyr som nyleg hadde kalva, og spente dei føre vogna. Men kalvane heldt dei att heime.
11 Dei sette Herrens paktkiste på vogna, og like eins skrinet med gullmusene og etterlikningane av byllane.
12 Kyrne tok strake vegen mot Bet-Sjemesj. Dei følgde same vegen og rauta heile tida. Dei bøygde ikkje av, korkje til høgre eller til venstre. Byhovdingane til filistrane følgde etter heilt til grensa mot Bet-Sjemesj.
13 I Bet-Sjemesj heldt folket på å skjera kveiten nede i dalen. Då dei såg opp, fekk dei auge på paktkista, og dei vart glade då dei såg henne.