9 Sjå etter om ho tek vegen opp til grensa mot Bet-Sjemesj. Då er det Herren som har sendt denne store ulukka over oss. Men tek ho ikkje den vegen, veit vi at det ikkje er hans hand som har ramma oss. Då er det berre eit tilfelle at dette hende oss.»
10 Mennene så gjorde. Dei henta to kyr som nyleg hadde kalva, og spente dei føre vogna. Men kalvane heldt dei att heime.
11 Dei sette Herrens paktkiste på vogna, og like eins skrinet med gullmusene og etterlikningane av byllane.
12 Kyrne tok strake vegen mot Bet-Sjemesj. Dei følgde same vegen og rauta heile tida. Dei bøygde ikkje av, korkje til høgre eller til venstre. Byhovdingane til filistrane følgde etter heilt til grensa mot Bet-Sjemesj.
13 I Bet-Sjemesj heldt folket på å skjera kveiten nede i dalen. Då dei såg opp, fekk dei auge på paktkista, og dei vart glade då dei såg henne.
14 Vogna kom inn på jordet til Josva frå Bet-Sjemesj og stogga. Der låg det ein stor stein. Dei hogg sund treverket i vogna og ofra kyrne som brennoffer til Herren.
15 Levittane tok ned Herrens paktkiste og skrinet med gullsakene som stod ved sida av henne, og sette dei på den store steinen. Den dagen ofra mennene i Bet-Sjemesj brennoffer og slaktoffer til Herren.