1 Då kom mennene i Kirjat-Jearim og henta Herrens paktkiste. Dei førte henne til Abinadabs hus, som låg oppe på haugen. Og dei helga Elasar, son hans, til å vakta Herrens paktkiste.
2 Frå den dagen paktkista kom til Kirjat-Jearim, gjekk det lang tid; det gjekk tjue år. Og heile Israels hus sukka etter Herren.
3 Då sa Samuel til heile Israels hus: «Vender de om til Herren av eit heilt hjarte, må de få bort dei framande gudane og Astarte-bileta som er hos dykk. Vend hjartet til Herren, og ten han og ingen annan! Så skal han fria dykk frå handa til filistrane.»
4 Då skilde israelittane seg av med Baal-gudane og Astarte-bileta og tente berre Herren.