14 Dei byane som filistrane hadde teke frå Israel, kom under Israel att, heilt frå Ekron til Gat. Også områda ikring dei tok Israel tilbake frå filistrane. Mellom Israel og amorittane var det òg fred.
15 Samuel var dommar i Israel så lenge han levde.
16 Kvart år drog han rundt til Betel, Gilgal og Mispa, og på alle desse stadene skifte han rett mellom israelittane.
17 Sidan vende han attende til Rama, for der budde han, og der var han dommar for Israel. I Rama bygde han eit altar for Herren.