2 Frå den dagen paktkista kom til Kirjat-Jearim, gjekk det lang tid; det gjekk tjue år. Og heile Israels hus sukka etter Herren.
3 Då sa Samuel til heile Israels hus: «Vender de om til Herren av eit heilt hjarte, må de få bort dei framande gudane og Astarte-bileta som er hos dykk. Vend hjartet til Herren, og ten han og ingen annan! Så skal han fria dykk frå handa til filistrane.»
4 Då skilde israelittane seg av med Baal-gudane og Astarte-bileta og tente berre Herren.
5 Samuel sa: «Kall saman heile Israel i Mispa! Så skal eg be til Herren for dykk.»
6 Då samla dei seg i Mispa, og dei auste opp vatn og slo det ut for Herrens andlet. Den dagen fasta dei og sa: «Vi har synda mot Herren.» Sidan skifte Samuel rett mellom israelittane i Mispa.
7 Så snart filistrane fekk greie på at israelittane hadde samla seg i Mispa, drog hovdingane over filistarbyane opp mot Israel. Då israelittane høyrde det, vart dei redde filistrane
8 og sa til Samuel: «Hald ikkje opp med å ropa til Herren vår Gud for oss, så han bergar oss frå handa til filistrane.»