13 Døtrene dykkar set han til å laga salvar, til å koka og baka.
14 Dei beste jordstykka, vinmarkene og olivenlundane dykkar skal han ta og gje til mennene sine.
15 Av åkrane og vinmarkene dykkar skal han ta tiend og gje til hoffmennene og tenarane sine.
16 Slavane og slavekvinnene, esla og dei beste oksane dykkar tek han i si eiga teneste.
17 Av småfeet dykkar tek han tiend, og sjølve må de gjera slavearbeid for han.
18 Når den dagen kjem, skal de skrika høgt over kongen de valde. Herren skal ikkje svara dykk den dagen.»
19 Men folket nekta å høyra på Samuel. «Nei», sa dei, «vi vil ha ein konge over oss.