8 Det har dei gjort frå den dagen eg førte dei opp frå Egypt og til denne dag. Dei har gått ifrå meg og dyrka andre gudar. Og slik gjer dei no mot deg.
9 Så høyr på dei! Men åtvara dei og fortel kva rettar kongen deira kjem til å få.»
10 Samuel fortalde folket som kravde ein konge av han, alt det Herren hadde sagt.
11 Han sa: «Dette er rettane til kongen som skal herska over dykk: Han tek sønene dykkar og set dei til å gjera teneste ved kongens vogner og hestar og til å springa framfor vogna hans.
12 Nokre set han til førarar for tusen mann og nokre for femti. Nokre må pløya åkrane og hausta inn avlinga hans, andre må laga krigsvåpen og utstyr til stridsvognene.
13 Døtrene dykkar set han til å laga salvar, til å koka og baka.
14 Dei beste jordstykka, vinmarkene og olivenlundane dykkar skal han ta og gje til mennene sine.