18 Saul gjekk bort til Samuel midt i porten og sa: «Kan du seia meg kvar sjåaren bur!»
19 Samuel svara Saul: «Eg er sjåaren. Gå føre meg opp på haugen! De skal eta med meg i dag. I morgon tidleg skal eg senda deg av stad, og eg skal fortelja deg alt som hjartet ditt vil vita.
20 Eselhoppene som kom bort for deg for tre dagar sidan, skal du ikkje vera uroleg for; dei er komne til rette. Men kven er det heile Israel ønskjer seg? Er det ikkje deg og huset til far din?»
21 Saul svara: «Men er ikkje eg berre ein benjaminitt, frå ein av dei minste stammane i Israel? Og er ikkje slekta mi den ringaste av alle slekter i Benjamin-stammen? Kvifor snakkar du då slik til meg?»
22 Men Samuel tok Saul og tenesteguten hans og førte dei inn i hallen. Han gav dei plass øvst mellom gjestene. Det var om lag tretti mann der.
23 Samuel sa til kokken: «Kom hit med det stykket som eg gav deg og bad deg leggja til sides.»
24 Kokken tok opp lårstykket og det som følgde med, og sette det fram for Saul. Og Samuel sa: «Her har du det som er att. Et no! Det vart halde av for deg til denne festen som eg har kalla folket saman til.» Så åt Saul saman med Samuel den dagen.