3 Ein gong kom det bort nokre eselhopper for Kisj, far til Saul. Då sa han til son sin: «Ta med deg ein av tenestegutane og ta i veg og leita etter eselhoppene!»
4 Dei drog over Efraim-fjella og gjennom Sjalisja-landet, men fann dei ikkje. Så drog dei gjennom Sjaalim-landet, men esla var ikkje der heller. Sidan drog dei gjennom Benjamin-landet, men fann dei ikkje.
5 Då dei kom til Suf-traktene, sa Saul til tenesteguten som var med han: «Kom, lat oss gå heim att, elles blir far min meir uroleg for oss enn for esla.»
6 Men tenesteguten svara: «Høyr no, i byen her bur det ein gudsmann som det går gjetord om. Alt han seier, slår til. Lat oss gå dit! Han kan visst seia oss vegen vi skal gå.»
7 Saul sa til tenesteguten: «Ja, lat oss gå, men kva skal vi ha med til mannen? Det er slutt på brødet i sekkene våre, og vi har inga gåve vi kan gje gudsmannen. Kva har vi vel med oss?»
8 Tenesteguten tok til orde att og sa til Saul: «Her har eg ein kvart sjekel sølv; den kan eg gje gudsmannen, så seier han oss nok kva veg vi skal gå.»
10 Saul svara: «Du har rett. Kom, lat oss gå dit!» Så gjekk dei til byen der gudsmannen var.