4 Dei drog over Efraim-fjella og gjennom Sjalisja-landet, men fann dei ikkje. Så drog dei gjennom Sjaalim-landet, men esla var ikkje der heller. Sidan drog dei gjennom Benjamin-landet, men fann dei ikkje.
5 Då dei kom til Suf-traktene, sa Saul til tenesteguten som var med han: «Kom, lat oss gå heim att, elles blir far min meir uroleg for oss enn for esla.»
6 Men tenesteguten svara: «Høyr no, i byen her bur det ein gudsmann som det går gjetord om. Alt han seier, slår til. Lat oss gå dit! Han kan visst seia oss vegen vi skal gå.»
7 Saul sa til tenesteguten: «Ja, lat oss gå, men kva skal vi ha med til mannen? Det er slutt på brødet i sekkene våre, og vi har inga gåve vi kan gje gudsmannen. Kva har vi vel med oss?»
8 Tenesteguten tok til orde att og sa til Saul: «Her har eg ein kvart sjekel sølv; den kan eg gje gudsmannen, så seier han oss nok kva veg vi skal gå.»
10 Saul svara: «Du har rett. Kom, lat oss gå dit!» Så gjekk dei til byen der gudsmannen var.
11 Då dei gjekk opp bakken som førte til byen, møtte dei nokre jenter som kom ut for å henta vatn, og spurde dei: «Er sjåaren her?»