9 – Før i tida sa folk i Israel når nokon gjekk for å søkja råd hos Gud: «Kom, lat oss gå til sjåaren!» Det dei no kallar profet, kalla dei før i tida sjåar. –
12 Jentene svara: «Ja, han er beint framfor dykk. Skunda dykk, han er komen til byen i dag, for i dag held folket ei offerhøgtid på haugen.
13 Når de kjem inn i byen, finn de han før han går opp på haugen til måltidet. Folket et ikkje før han kjem, for det er han som velsignar offeret. Først då tek gjestene til å eta. Gå berre opp, for no kan de treffa han.»
14 Så gjekk dei opp til byen, og med det same dei var komne inn i byen, kom Samuel imot dei på veg opp til offerhaugen.
15 Dagen før Saul kom, hadde Herren varsla Samuel og sagt:
16 «I morgon på denne tida sender eg til deg ein mann frå Benjamin-landet; han skal du salva til fyrste over Israel, folket mitt. Han skal fria folket mitt frå filistarhand; for eg har sett kor folket mitt lid, og klageropa deira har nådd meg.»
17 Då Samuel fekk auge på Saul, sa Herren til han: «Sjå, der er den mannen som eg tala til deg om. Han skal styra folket mitt.»