1 Dette er dei orda som Moses tala til heile Israel austafor Jordan. Det var i ørkenen på Araba-sletta, rett imot Suf, mellom Paran og Tofel, Laban, Haserot og Di-Sahab,
2 elleve dagsreiser frå Horeb på vegen over Se'ir-fjella til Kadesj-Barnea.
3 Det var i det førtiande året, den første dagen i den ellevte månaden, at Moses tala til israelittane om alt det som Herren hadde pålagt han å seia til dei.
4 Moses hadde då slege amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon, og Basan-kongen Og, som budde i Asjtarot og Edre'i.
5 Austafor Jordan, i Moab, byrja Moses å forklara denne lova. Han sa:
6 Herren vår Gud tala til oss ved Horeb og sa: «Lenge nok har de halde dykk ved dette fjellet.