10 Herren dykkar Gud har gjort dykk talrike, så de i dag er mange som stjernene på himmelen.
11 Måtte Herren, dykkar fedrars Gud, gjera dykk tusen gonger så talrike som de no er, og velsigna dykk, som han har lova.
12 Men korleis kan eg åleine bera ansvaret og halda ut strevet med dykk og trettene dykkar?
13 Vel ut kloke, vituge og lærde menn frå kvar stamme, så skal eg gjera dei til leiarar for dykk.»
14 De svara meg: «Det er godt, det du seier vi skal gjera.»
15 Så tok eg stammehovdingane dykkar, kloke og lærde menn, og sette dei til overhovud for dykk, til førarar for tusen, hundre, femti og ti, og gjorde dei til tilsynsmenn for stammane.
16 Den gongen gav eg også dommarane dykkar dette påbodet: «Høyr på klagemål frå landsmennene dykkar, og døm rettferdig i saker mellom ein mann og ein annan, anten det er ein landsmann eller ein innflyttar.