19 Så braut vi opp frå Horeb og drog gjennom heile den store og uhyggjelege ørkenen som de har sett. Vi følgde vegen til fjellandet åt amorittane, slik Herren vår Gud hadde sagt oss, og kom til Kadesj-Barnea.
20 Då sa eg til dykk: «No er de komne til fjellandet åt amorittane, som Herren vår Gud vil gje oss.
21 Sjå, Herren din Gud har lagt landet ope for deg. Dra opp og ta det, slik som Herren, dine fedrars Gud, har sagt deg. Ver ikkje redd og mist ikkje motet!»
22 Då kom de til meg alle saman og sa: «Lat oss senda folk i førevegen så dei kan gjera seg kjende i landet og seia oss kva veg vi skal ta opp dit, og kva for byar vi kjem til.»
23 Eg syntest godt om det de sa, og eg tok ut tolv mann iblant dykk, ein frå kvar stamme.
24 Dei gjekk av stad opp i fjellet og kom til Esjkol-bekken. Der spionerte dei.
25 Dei tok noko av frukta i landet og hadde med seg ned til oss. Dei kunne fortelja at det var eit godt land, det landet som Herren vår Gud vil gje oss.