21 Sjå, Herren din Gud har lagt landet ope for deg. Dra opp og ta det, slik som Herren, dine fedrars Gud, har sagt deg. Ver ikkje redd og mist ikkje motet!»
22 Då kom de til meg alle saman og sa: «Lat oss senda folk i førevegen så dei kan gjera seg kjende i landet og seia oss kva veg vi skal ta opp dit, og kva for byar vi kjem til.»
23 Eg syntest godt om det de sa, og eg tok ut tolv mann iblant dykk, ein frå kvar stamme.
24 Dei gjekk av stad opp i fjellet og kom til Esjkol-bekken. Der spionerte dei.
25 Dei tok noko av frukta i landet og hadde med seg ned til oss. Dei kunne fortelja at det var eit godt land, det landet som Herren vår Gud vil gje oss.
26 Men de ville ikkje dra opp dit og sette dykk opp mot det Herren dykkar Gud hadde sagt.
27 De murra i telta dykkar og sa: «Fordi Herren hatar oss, har han ført oss ut frå Egypt og vil gje oss over i hendene til amorittane og utrydda oss.