26 Men de ville ikkje dra opp dit og sette dykk opp mot det Herren dykkar Gud hadde sagt.
27 De murra i telta dykkar og sa: «Fordi Herren hatar oss, har han ført oss ut frå Egypt og vil gje oss over i hendene til amorittane og utrydda oss.
28 Kvar er det vi skal dra? Brørne våre har fått hjartet til å smelta bort i oss, for dei sa: Folket er større og høgare enn vi, byane er store med himmelhøge festningsmurar, og vi såg også anakittar der.»
29 Då sa eg til dykk: «Lat dykk ikkje skremma og ver ikkje redde dei!
30 Herren dykkar Gud går føre dykk, og han vil strida for dykk, slik de med eigne auge såg at han gjorde i Egypt
31 og sidan i ørkenen. Der såg du korleis Herren din Gud bar deg liksom ein mann ber barnet sitt, heile den vegen de drog, til de kom til denne staden.»
32 Likevel trudde de ikkje på Herren dykkar Gud,