3 Det var i det førtiande året, den første dagen i den ellevte månaden, at Moses tala til israelittane om alt det som Herren hadde pålagt han å seia til dei.
4 Moses hadde då slege amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon, og Basan-kongen Og, som budde i Asjtarot og Edre'i.
5 Austafor Jordan, i Moab, byrja Moses å forklara denne lova. Han sa:
6 Herren vår Gud tala til oss ved Horeb og sa: «Lenge nok har de halde dykk ved dette fjellet.
7 Bryt no opp og dra til fjellandet åt amorittane og til grannefolka på Araba-sletta, i fjellandet og i låglandet, i Negev og ute ved kysten, til landet åt kanaanearane og til Libanon, heilt til den store elva, Eufrat.
8 Sjå, eg har lagt landet ope for dykk. Dra av stad og ta det landet som Herren med eid lova å gje fedrane dykkar, Abraham, Isak og Jakob, og etterkomarane deira.»
9 Den gongen sa eg til dykk: «Åleine kan eg ikkje bera dykk.