33 han som gjekk føre dykk på vegen for å finna leirplass til dykk, om natta i ein eld og om dagen i ei sky, for å syna dykk den vegen de skulle gå.
34 Då Herren høyrde kva de sa, vart han harm og svor:
35 «Ikkje ein einaste av denne vonde slekta skal få sjå det gode landet som eg med eid lova å gje fedrane dykkar,
36 berre Kaleb, son til Jefunne; han skal få sjå det. Fordi han så trufast har halde seg til Herren, vil eg gje han og borna hans det landet han har sett foten på.»
37 For dykkar skuld vart Herren harm på meg òg. Han sa: «Heller ikkje du skal få koma inn dit.
38 Men Josva, son til Nun, skal få koma inn, han som er tenaren din. Han skal du styrkja, for han skal gjera landet til eigedom for Israel.
39 Småborna som de trudde ville bli tekne som krigsbytte, og dei borna som enno ikkje kan skilja godt frå vondt, dei skal koma inn i landet. Eg gjev det til dei, og dei skal ta det i eige.