37 For dykkar skuld vart Herren harm på meg òg. Han sa: «Heller ikkje du skal få koma inn dit.
38 Men Josva, son til Nun, skal få koma inn, han som er tenaren din. Han skal du styrkja, for han skal gjera landet til eigedom for Israel.
39 Småborna som de trudde ville bli tekne som krigsbytte, og dei borna som enno ikkje kan skilja godt frå vondt, dei skal koma inn i landet. Eg gjev det til dei, og dei skal ta det i eige.
40 Men de må snu og dra ut i ørkenen, mot Sivsjøen.»
41 Då svara de meg: «Vi har synda mot Herren. No vil vi dra opp og slåst, slik som Herren vår Gud har sagt oss.» Alle som ein spente de på dykk våpna og gjorde dykk klare til å dra opp i fjellandet.
42 Men Herren sa til meg: Sei til dei: «De skal ikkje dra opp og slåst, for eg er ikkje midt iblant dykk. Elles kjem de til å bli slegne av fiendane dykkar.»
43 Eg tala til dykk, men de ville ikkje høyra. De sette dykk opp mot det Herren hadde sagt, de var eigenrådige og drog opp i fjella.