7 Bryt no opp og dra til fjellandet åt amorittane og til grannefolka på Araba-sletta, i fjellandet og i låglandet, i Negev og ute ved kysten, til landet åt kanaanearane og til Libanon, heilt til den store elva, Eufrat.
8 Sjå, eg har lagt landet ope for dykk. Dra av stad og ta det landet som Herren med eid lova å gje fedrane dykkar, Abraham, Isak og Jakob, og etterkomarane deira.»
9 Den gongen sa eg til dykk: «Åleine kan eg ikkje bera dykk.
10 Herren dykkar Gud har gjort dykk talrike, så de i dag er mange som stjernene på himmelen.
11 Måtte Herren, dykkar fedrars Gud, gjera dykk tusen gonger så talrike som de no er, og velsigna dykk, som han har lova.
12 Men korleis kan eg åleine bera ansvaret og halda ut strevet med dykk og trettene dykkar?
13 Vel ut kloke, vituge og lærde menn frå kvar stamme, så skal eg gjera dei til leiarar for dykk.»