1 På den tid sa Herren til meg: «Hogg til to steintavler, maken til dei første, og kom opp på fjellet til meg. Lag deg òg ei trekiste.
2 På tavlene vil eg skriva dei same orda som på dei første tavlene, dei du knuste, og du skal leggja dei i kista.»
3 Og eg laga ei kiste av akasietre, hogg til to steintavler, like dei første, og gjekk opp på fjellet med dei to tavlene i handa.
4 På tavlene skreiv han dei same orda som første gongen, dei ti boda som Herren dykkar Gud hadde forkynt for dykk på fjellet, ut frå elden, den dagen de var samla. Og Herren gav dei til meg.
5 Så snudde eg meg og gjekk ned frå fjellet. Eg la tavlene i kista eg hadde laga, og der vart dei liggjande, slik som Herren hadde sagt meg.
6 Israelittane drog vidare frå kjeldene ved Bene-Jaakan til Mosera. Der døydde Aron, og der vart han gravlagd. Og Elasar, son hans, vart prest etter han.