13 og at du held Herrens bod og forskrifter, som eg gjev deg i dag. Då skal det gå deg vel.
14 Sjå, himmelen og himmelen over alle himlar, jorda og alt som finst der, høyrer Herren din Gud til.
15 Men det var berre fedrane dine Herren elska og batt seg til, slik at han valde ut dykk som er etterkomarane deira, framfor alle dei andre folka, slik det òg er i dag.
16 Så omskjer då hjartet dykkar og ver ikkje lenger så hardnakka!
17 For Herren dykkar Gud er Gud over alle gudar og Herre over alle herrar, den store, mektige og skremmande Gud som ikkje gjer skilnad på folk, og som ikkje lèt seg kjøpa.
18 Han gjer rett mot farlause og enkjer, og han elskar innflyttarane i landet, så han gjev dei mat og klede.
19 De skal elska innflyttarane, for de var sjølve innflyttarar i Egypt.