3 Og eg laga ei kiste av akasietre, hogg til to steintavler, like dei første, og gjekk opp på fjellet med dei to tavlene i handa.
4 På tavlene skreiv han dei same orda som første gongen, dei ti boda som Herren dykkar Gud hadde forkynt for dykk på fjellet, ut frå elden, den dagen de var samla. Og Herren gav dei til meg.
5 Så snudde eg meg og gjekk ned frå fjellet. Eg la tavlene i kista eg hadde laga, og der vart dei liggjande, slik som Herren hadde sagt meg.
6 Israelittane drog vidare frå kjeldene ved Bene-Jaakan til Mosera. Der døydde Aron, og der vart han gravlagd. Og Elasar, son hans, vart prest etter han.
7 Derifrå drog dei til Gudgod og frå Gudgod til Jotba, eit land med mange bekker.
8 På den tid skilde Herren ut Levi-stammen til å bera Herrens paktkiste og til å stå for Herrens andlet og gjera teneste for han og lysa velsigning i hans namn, og det har dei gjort til denne dag.
9 Difor fekk ikkje Levi nokon arv og del saman med brørne sine. Herren er arven hans, slik som Herren din Gud har sagt han.