6 Israelittane drog vidare frå kjeldene ved Bene-Jaakan til Mosera. Der døydde Aron, og der vart han gravlagd. Og Elasar, son hans, vart prest etter han.
7 Derifrå drog dei til Gudgod og frå Gudgod til Jotba, eit land med mange bekker.
8 På den tid skilde Herren ut Levi-stammen til å bera Herrens paktkiste og til å stå for Herrens andlet og gjera teneste for han og lysa velsigning i hans namn, og det har dei gjort til denne dag.
9 Difor fekk ikkje Levi nokon arv og del saman med brørne sine. Herren er arven hans, slik som Herren din Gud har sagt han.
10 Og eg vart verande på fjellet i førti dagar og førti netter, liksom første gongen. Også denne gongen høyrde Herren bøna mi. Han ville ikkje la deg gå til grunne.
11 Så sa Herren til meg: «Reis deg, bryt opp og gå i spissen for folket, så dei kan koma inn og ta det landet som eg med eid lova fedrane deira at eg ville gje dei.»
12 Og no, Israel, kva er det Herren din Gud krev av deg? Berre dette: at du fryktar Herren din Gud, så du alltid går på hans vegar og elskar han og tener Herren din Gud av heile ditt hjarte og heile di sjel,