1 Difor skal du elska Herren din Gud og alltid halda det han har fastsett, forskriftene, lovene og boda hans.
2 Den dag i dag kjenner de Herren dykkar Guds oppseding, som borna dykkar ikkje kjenner og ikkje har sett:hans velde,hans sterke hand og hans utstrekte arm,
3 dei teikn og gjerningar han gjorde i Egyptmot farao, kongen i Egypt,og heile landet hans,
4 det han gjorde med hæren til egyptarane,med hestane og vognene deiradå han lét vatnet i Sivsjøen velta innover deimedan dei forfølgde dykk,så han gjorde ende på dei for alltid,
5 det han gjorde for dykk i ørkenen,heilt til de kom til denne staden,
6 og det han gjorde med Datan og Abiram,sønene til Eliab, son til Ruben,den gongen jorda opna gapetog slukte dei og familiane deira,telta deira og kvar levande skapning i følgjet deira,midt iblant alle israelittane.
7 Ja, med eigne auge har de sett alle dei storverka som Herren har gjort.