11 Men landet de no er på veg til for å leggja under dykk, er eit land med fjell og dalar. Det får vatn å drikka av regnet frå himmelen.
12 Det er eit land som Herren din Gud har omsut for. Alltid kviler Herren din Guds auge på det, frå året byrjar til det endar.
13 Om de lyder dei boda som eg gjev dykk i dag, og elskar Herren dykkar Gud og tener han av heile dykkar hjarte og heile dykkar sjel,
14 vil eg la landet få regn i rett tid, haustregn og vårregn, så du kan hausta inn korn, ny vin og fin olje.
15 Gras skal eg la veksa på marka for buskapen din, og du skal få eta deg mett.
16 Men akta dykk så ikkje hjartet blir ført på avvegar, så de vender dykk bort og dyrkar andre gudar og tilbed dei.
17 For då logar Herrens harme opp mot dykk. Han stengjer himmelen så det ikkje fell regn og jorda ikkje gjev grøde. Og de går snart til grunne i det gode landet som Herren gjev dykk.