23 då skal Herren driva ut alle desse folkeslaga framfor dykk, og de skal jaga bort folkeslag som er større og sterkare enn de.
24 Kvar stad de set foten på, skal høyra dykk til. Området dykkar skal strekkja seg frå ørkenen og Libanon, frå den store elva Eufrat, til havet i vest.
25 Ingen skal kunna stå seg mot dykk. Herren dykkar Gud skal setja skrekk og redsle for dykk i alt land de set foten på, slik som han har lova.
26 Sjå, i dag legg eg fram for dykk velsigning og forbanning:
27 velsigning så sant de lyder boda frå Herren dykkar Gud, som eg gjev dykk i dag;
28 forbanning dersom de ikkje lyder boda frå Herren dykkar Gud, men tek av frå den vegen eg i dag byd dykk å gå, og følgjer andre gudar som de ikkje kjenner.
29 Når Herren din Gud har ført deg inn i det landet du no er på veg til og skal leggja under deg, så skal du lysa velsigning over Garisim-fjellet og forbanning over Ebal-fjellet.