24 Kvar stad de set foten på, skal høyra dykk til. Området dykkar skal strekkja seg frå ørkenen og Libanon, frå den store elva Eufrat, til havet i vest.
25 Ingen skal kunna stå seg mot dykk. Herren dykkar Gud skal setja skrekk og redsle for dykk i alt land de set foten på, slik som han har lova.
26 Sjå, i dag legg eg fram for dykk velsigning og forbanning:
27 velsigning så sant de lyder boda frå Herren dykkar Gud, som eg gjev dykk i dag;
28 forbanning dersom de ikkje lyder boda frå Herren dykkar Gud, men tek av frå den vegen eg i dag byd dykk å gå, og følgjer andre gudar som de ikkje kjenner.
29 Når Herren din Gud har ført deg inn i det landet du no er på veg til og skal leggja under deg, så skal du lysa velsigning over Garisim-fjellet og forbanning over Ebal-fjellet.
30 Som alle veit, ligg desse fjella på den andre sida av Jordan, der sola går ned, i landet til kanaanearane som bur på Araba-sletta, rett imot Gilgal, ved More-eika.