3 dei teikn og gjerningar han gjorde i Egyptmot farao, kongen i Egypt,og heile landet hans,
4 det han gjorde med hæren til egyptarane,med hestane og vognene deiradå han lét vatnet i Sivsjøen velta innover deimedan dei forfølgde dykk,så han gjorde ende på dei for alltid,
5 det han gjorde for dykk i ørkenen,heilt til de kom til denne staden,
6 og det han gjorde med Datan og Abiram,sønene til Eliab, son til Ruben,den gongen jorda opna gapetog slukte dei og familiane deira,telta deira og kvar levande skapning i følgjet deira,midt iblant alle israelittane.
7 Ja, med eigne auge har de sett alle dei storverka som Herren har gjort.
8 Hald difor alle dei boda eg gjev deg i dag, slik at de kan bli sterke og kan koma og ta det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.
9 Då skal de få leva lenge i det landet som Herren med eid lova fedrane dykkar at han ville gje til dei og etterkomarane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning.