5. Mosebok
Kapitler 12:1-4
Bibelen 2011 Nynorsk
1Dette er dei forskriftene og lovene som de trufast skal følgja i det landet Herren, dine fedrars Gud, vil la deg ta i eige, så lenge de lever i landet.
2De skal øydeleggja alle dei stadene der folkeslaga som de driv bort, dyrkar gudane sine, på høge fjell og haugar og under kvart frodig tre.
3 De skal riva ned altara deira, slå sund steinstøttene, brenna opp Asjera-pålane, hogga ned gudebileta og utsletta namna deira frå desse stadene.
4De skal ikkje dyrka Herren dykkar Gud på den måten.