20 Når Herren din Gud utvidar grensene dine slik han har lova deg, og du seier: «Eg vil eta kjøt» fordi du har hug på kjøt, då kan du eta kjøt så mykje du vil.
21 Har du for lang veg til den staden Herren din Gud vil velja ut for namnet sitt, skal du gjera som eg har sagt deg. Du skal slakta av storfeet og småfeet som Herren gjev deg, og eta det heime i byane dine, så mykje du har hug på.
22 Men et det som du et kjøtet av gasell og hjort! Både ureine og reine kan eta av det.
23 Hald deg berre frå å eta blodet! For blodet er livet, og du må ikkje eta livet saman med kjøtet.
24 Et ikkje blodet, men slå det ut på marka som vatn!
25 Et du det ikkje, skal det gå deg og borna dine vel, for då gjer du det som rett er i Herrens auge.
26 Berre lovnadsoffera og dei heilage gåvene som du vil gje, skal du ta med deg til den staden Herren vil velja seg ut.