29 Herren din Gud vil utrydda for deg dei folkeslaga som du no skal gå imot og driva bort. Når du så har drive dei bort og busett deg i landet deira,
30 ta deg då i vare så du ikkje lèt deg lokka i ei felle og tek etter dei, etter at dei har vorte utrydda for deg. Du skal ikkje venda deg mot gudane deira og seia: «Korleis dyrka desse folkeslaga gudane sine? Eg vil gjera som dei.»
31 Du skal ikkje dyrka Herren din Gud slik! Alle dei gjerningane som Herren skyr og hatar, gjer dei for gudane sine. Jamvel sønene og døtrene sine brenner dei i elden for gudane sine.
32 Alt det eg byd dykk, skal de trufast følgja. Du skal ikkje leggja noko til og ikkje ta noko ifrå.