5. Mosebok
Kapitler 12:5-11
Bibelen 2011 Nynorsk
5 Men de skal søkja til den staden som Herren dykkar Gud vel ut blant alle stammane dykkar til bustad for namnet sitt. Dit skal du gå.
6Og dit skal de bera fram brennoffera og slaktoffera dykkar, tienda og dei gåvene de ber fram, lovnadsoffera og dei frivillige offera, og dei førstefødde dyra av storfeet og småfeet.
7Og der skal de halda måltid for Herren dykkar Guds andlet, de og huset dykkar, og gleda dykk over det som hendene dykkar har gjort, alt som Herren din Gud har velsigna deg med.
8De må ikkje bera dykk åt slik som vi gjer her i dag. No gjer kvar og ein som han sjølv finn det for godt.
9Enno er de ikkje komne fram til kvila, til den eigedomen som Herren din Gud vil gje deg.
10 De skal no gå over Jordan og busetja dykk i det landet Herren dykkar Gud vil gje dykk til eige. Han vil la dykk finna kvile og få fred for alle fiendar omkring, slik at de kan bu trygt.
11Då skal de koma med alt det eg byd dykk, til den staden som Herren dykkar Gud vel ut, og der han lèt namnet sitt bu: brennoffera og slaktoffera dykkar, tienda og gåvene de ber fram, og alle offera som de sjølve har lova Herren.